Til arrest etter krangel

Ein mann i 30-åra blir køyrt frå Volda til arrest i Ålesund etter aggressiv framferd, opplyser politiet. Mannen skal ha forsøkt å angripe ein annan person under ein krangel om nokre øl, og nekta å forlate staden. Han blir meldt for skadeverk og ordensforstyrring.