Hopp til innhold

60 timar i buss for å heie på Hødd

Du skal vere veldig glad i laget ditt for å sitje 30 timar – kvar veg – i buss for å sjå laget ditt spele. Men så er gjerne Høddtilhengarar ikkje som alle andre.

Blåsarane

Supporterklubben Blåsarane før turstart.

Foto: Arne Flatin / NRK

Buss

Denne bussen skal ta Hødd-tilhengjarane tur/retur Alta

Foto: Arne Flatin / NRK
Jan Kåre Flø

Jan Kåre Flø er ein av tre sjåførar som skal køyre bussen dei neste døgna.

Foto: Arne Flatin / NRK

Når Hødd møter Alta søndag skal dei på ingen måte kjenne seg aleine. 15 supporterar bruker helga til å køyre. Og køyre. Og køyre. Og så litt fotball.

Fredag klokka 14 fredag starta turen frå Ulsteinvik for «Blåsarane», og etter planen skal dei køyre i eitt strekk fram til Alta. Der skal dei parkere eingong mellom klokka 18 og 19 laurdag kveld.

Turen som skal gå via både Sverige og Finland har vore planlagt i to veker og i alt tre sjåførar skal bytte på å sitje bak rattet i turbussen.

– Galskap

Antoni Knotten

Antoni Knotten sit i styret for Blåsarane og er turleiar for bussturen.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Du kan gjerne lure på om vi er heilt gode, dette er herleg galskap, seier turleiar Antoni Knotten til NRK.

Ideen kom ein sein kveld, men to veker etter og i dagslys er stemninga like stor i turbussen. Knotten seier han slett ikkje er redd for at dei skal vere for slitne til å heie når dei kjem fram.

– Vi greier kanskje ikkje ha like stor stemning heile vegen, men det står att å sjå, seier han.

Med cupfinalen som inspirasjon

Og vel fire timar ut i turen er det framleis lite som tyder på at motløysa har tatt overhand. Bussen passerer snart Dombås og underhaldninga er på alle måtar tilpassa publikum.

– No har vi sett videoen frå cupfinalen 2012 i reprise, så då kan du jo tenke deg sjølv korleis stemninga er, seier Knotten.

Sigeren over Tromsø for to år sidan er utan tvil til inspirasjon for supporterane. Og det kan trengast. Etter kampen søndag kveld ventar 30 nye timar i buss, før dei etter planen kjem heim tidleg tysdag morgon.

– Vi skal vere heime før arbeidstid tysdag. Dei fleste har jo fått fri, men nokre skal vel rett på jobb, seier Knotten.

Ikkje redde for tap

Banner Blåsarane

Slagorda er klare før turen startar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Hødd har hatt ein sesong på det jamne, og Alta er rekna som eit lag det kan vere vanskeleg å slå på heimebane. Men med Alta trygt plassert under Hødd på tabellen, med 9 poeng mindre, er tap ikkje noko tema for gjengen på bussen.

30 timar i buss med eit tap bagasjen er rett og slett ikkje noko dei tenkjer på, seier Knotten.

– Det ser vi ikkje på som eit alternativ, så det er vi ikkje urolege for.

Så langt på turen har dei hatt godt med tid til å øve inn både slagord og heiarop. Og turen skal dei uansett nyte.

– Dette er ein kjempegjeng, så dette blir ei oppleving, seier turleiaren.