Hopp til innhold

Trur bana er klar ein time før kampen

Søndag har Kristiansund sesongens første heimekamp. Men det pågår også ein annan kamp mot klokka, for å få bana ferdig i tide.

Søndag har Kristiansund sesongens første heimekamp. Men der pågår det ein kamp mot klokka for å få bana ferdig i tide.

KBK vil ha liten og stor til å hjelpe seg i sluttinnspurten for å få ferdig stadion til søndag.

Den minste utfordringa for Kristiansund er å ha eit kampklart lag før søndag. Å spele i 1. divisjon stiller store krav, som må vere innfridd før Ull/Kisa kjem på besøk på KBKs nye stadion. Det betyr at alle mann må settast i arbeid. Laurdag vert byens innbyggjarar kalt inn til dugnad for å vaske seter, sette på plass gjerder og rydde.

– Vi er vel ferdig kvart på fem søndag, ler Odd Høvik. Kampen startar klokka 18.

LES OGSÅ:

Stor stå-på-vilje

Alt frå pensjonistar til bedriftleiarar legg ned dugnadstimar i fleng. Øivind Holten er ein av dei frivillege og han har fått i oppgåve å rydde rundt kunstgrasmatta. Dagleg leiar i klubben, Kjetil Thorsen, er imponert over dugnadsviljen.

– Det har vore utruleg mange som har hjulpe til den siste tida. Det er artig å sjå at stadion veks og tar form for kvar dag, seier Thorsen.

Tapte sist kamp

Men så spørs det om supporterane får valuta for alle dugnadstimane når dei sett seg ned på tribunen søndag.KBK starta dårleg med 3-0-tap mot Alta.

– Gutane er klare. Det var litt arbeidsuhell sist og så kjem vi sterkare tilbake igjen. Vi har såpass bra fundament i laget, seier Thorsen.