NRK Meny
Normal

Tidlegaste jordbærsesong på årevis

Denne sommaren kjem jordbæra tidlegare enn på fleire år. Ein mild vinter og varm vår har skapt gode forhold for jordbærblomstringa.

Jordbær

SNART KLARE: Snart kan du kjøpe lokale jordbær i butikken. Ein mild vinter og varm vår har skapt gode forhold, og jordbærblomstringa er godt i gong.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Vi ligg omtrent ei veke framfor skjema, så dei første jordbæra er snart ferdige, seier Andreas Torhus i Skåla Bær til NRK.no.

Milde temperaturar har sett fart i blomstringa, og jordbærplukkinga er snart i gong fleire stadar i fylket. Hjå Skåla bær satsar dei på å ha lokale jordbær i butikken allereie laurdag.

Ifølgje Aksel Døving, rådgjevar i Landbruk Nordvest, er det dei milde temperaturane i april og mai som har ansvaret for den tidlege blomstringa.

– Situasjonen i år er heilt annleis enn i fjor. I år har det vore lite tele og bra temperaturar. I fjor var det frost og mykje tele, noko som førte til at jorda var kald langt ut i juni, seier Grønning.

Tidlegaste på ti år

 Harald Valle

POSITIV: Harald Valle trur på ein langt betre jordbærsesong i år enn i fjor.

Foto: Privat

Hjå Valldal Grønt i Valldal er blomstringa den tidlegaste på ti år. Dagleg leiar, Harald Valle ser positivt på årets sesong.

– Samanlikna med i fjor ser det veldig bra ut. Blomstringa har starta mykje tidlegare i år, og det ser ut til at vi kan byrje å plukke bær allereie rundt sankthans, seier Valle.

Ein mild vinter og tidleg vår har hatt positiv effekt på jordbærblomstringa.

– Denne vinteren har vi hatt lite overvintringsskadar. I tillegg har vi sleppt unna nattefrost i april og mai, seier Valla.

Likevel trur han ikkje det blir ein rekordsesong.

– Vi måtte plante mykje nytt i fjor, så toppsesong blir det ikkje. Men det blir betre enn i fjor, og det blir mykje fine bær frå Valldal denne sommaren. Det er vi veldig glad for, seier Valla.

Utfordrande tørke

Vinteren har likevel ikkje vore uproblematisk for jordbærbøndene. Førre vinter var det frost som skapte problem for jordbæra, og milliontap for bøndene.

Denne vinteren har derimot skapt andre utfordringar for bøndene. Noko dei også har merka hjå Skåla bær.

Aksel Døving jodbærkonsulent i Valldal

TØRKE: Aksel Døving peikar på tørke som ein av utfordringane for jordbærbøndene denne sesongen.

Foto: Privat

– Nokre av plantene har tørka ut, og døydd. Spesielt hjå bringebæra har vi opplevd tørke, seier Torhus.

Ifølgje Aksel Døving, rådgivar i Landbruk Nordvest, har tørke ført til skader på fleire planter denne vinteren.

– Det er ganske uvanleg å vatne på vinteren, men det kan hende det hadde lønna seg i år. Vi ser at ein del planter har blitt brune eller svarte på grunn av uttørking, seier Døving.

Spesielt har eit tørt klima og mangel på nedbør, bidratt til uttørkinga.

– Desse plantene blir ofte beskytta av eit snødekke om vinteren, men slik har det ikkje vore denne vinteren. Så sjølv om det har vore mildt denne vinteren har det vore tørr luft og jord, noko som har tørka ut plantane, seier Døving.