NRK Meny
Normal

Sikta medruss tidlegare dømt for promillekøyring

Torstein Klerud Johannessen (18) døydde etter å ha blitt påkøyrd av ein medruss natt til 14. mai. Ifølgje VG er sjåføren tidlegare dømt for å ha køyrt traktor i fylla.

Torstein Klerud Johannesen (18)

Torstein Klerud Johannesen (18) døydde tysdag av skadane han fekk etter ha blitt påkøyrd av ein russebil i Molde natt til 14. mai.

– Eg kan bekrefte at sikta har vore i kontakt med politiet tidlegare, men ønsker ikkje å uttale meg utover det, seier leiar for ordensavdelinga ved politistasjonen i Molde, Steinar Hjellnes, til VG.

I august 2013 skal den sikta, som då ikkje var fylt 18 år, ha køyrt ein traktor inn i ein husvegg i rusa tilstand, skriv avisa.

Døydde av skadene

Natt til 14. mai køyrde ein russ ned to medruss ved Retiro i Molde under ei russesamling. Dei eine er utskriven frå Molde sjukehus, medan den andre døydde som følgje av skadane.

Den 18 år gamle sjåføren vedgjekk promillekøyring. Sjølv om han stod som eigar på bilen hadde han heller ikkje førarkort.

– Eit sjokk for alle

Tysdag kveld opplyser Nordmøre og Romsdal politidistrikt at det var 18 år gamle Torstein Klerud Johannessen som blei påkøyrd.

18-åringen var avgangselev ved Romsdal vidaregåande skule i Molde.

– Det som no har skjedd var eit sjokk for oss alle. Nå har det forferdelege skjedd, og det er vanskeleg å ta innover seg. Alle i og kring skulemiljøet er triste no, sa rektor Ivar Rød til NRK under ei minnestund i kyrkja tysdag kveld.