Normal

Tidlegare direktør vil snakke dersom kontrollkommiteen ber om det

Avgangen til tidlegare dirketør i Helse Midt-Norge, Trond Michael Andersen, kan no kome opp som ei ny vanskeleg sak for helseministeren. Til VG seier Andersen at han vil snakke om avgangen sin, dersom Kontrollkomiteen ber om det.

Marthe Styve Holte og Trond Michael Andersen

Tidlegare styreleiar Marthe Styve Holte i Helse Midt-Norge saman med dåverande administrerande direktør Trond Michael Andersen. Begge gjekk av i oktober.

Foto: Helse Midt

Trond Michael Andersen

Trond Michael Andersen er tidlegare administrerande direktør i Helse Midt-Norge.

Foto: Helse Midt-Norge

Andersen gjekk frå stillinga si tidlegare i haust etter press frå helseminister Bent Høie. Etter det har Andersen ikkje ville snakke om kvifor han gjekk og kva for kontakt som var mellom han og Høie. Årsaka er at han har skrive under på at han ikkje skal snakke om dette.

Helseminister Bent Høie (H)

Bent Høie har sagt han vil svare på spørsmåla frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

No kan denne avtalen bli oppheva. Kontroll og konstitusjonskomiteen på Stortinget har bede Høie svare på ti spørsmål knytt til sjukehusstriden i Møre og Romsdal.

Vil ha svar om styreleiaren sin avgang

MArthe Styve Holte

Marthe Styve Holte gjekk på dagen i oktober.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Eitt av spørsmåla er knytt til Høie sin kontakt med styreleiar Marthe Styve Holte før ho gjekk av. Holte har tidlegare sagt at ho gjekk av fordi ho nekta å godta statsråden sitt krav om seie opp Andersen på kort varsel.

Til VG seier Andersen at han vil snakke om avgangen dersom Kontrollkomiteen ber om det.

Leiar i komiteen, Martin Kolberg, seier til avisa at det berre vil vere aktuelt å gå vidare med dette når dei har sett statsråden sine svar på spørsmåla.