Tone Haugen, tidlegare landslagsspelar i fotball, trivst godt med jobben som gartnar i Ålesund.
Foto: Torild Øvrelid / NRKLindetrea i byparken i Ålesund bør klippast kvar vår slik at dei ikkje forstyrrar trafikken.
Foto: Torild Øvrelid / NRKForbipasserande har smilt og vist stor glede for arbeidet til trønderen Tone Haugen (50), tilsett i veg-, anlegg- og parkavdelinga i Ålesund kommune. I dag begynte vårstellet ved byparken. Eit skikkeleg vårteikn.
– Det er veldig kjekt med vårkjensle. Men i år har vi begynt ekstra tidleg, seier Haugen.
Tjuvstartar på vårstellet
Kvar vår heng Haugen i tretoppane rundt om i byen. Men det er i parken ho trivst best. Lind- og lønnetre bør klippast tidleg – og helst kvart år. Spesielt i byar.
– Trea kan ikkje vere for vide langs med vegen på grunn av forbipasserande trafikk. Så vi held dei smale og nette. Men har du desse sortane i din eigen hage så slepp du å trimme dei like ofte, seier gartnaren.
Ålesund har hatt lite snø i år, slik som mange andre stader i landet. Dette har ført til at gartnarane har hatt mindre arbeid enn normalt.
– Vi startar arbeidet med trea no fordi vi har ikkje anna å gjere. Det har vore lite med snømåking. Jobben skal gjerast uansett, og viss vi startar med dette no, så har vi god tid til å gjere resten av vårstellet seinare.
Haugen har slite litt med ryggen etter arbeidet som gartnar, og passar difor godt på korleis ho arbeider.
Foto: Torild Øvrelid / NRKKan vere hardt for helsa
Haugen gir ofte hageråd til folk som spaserer forbi. Og det vert motteke med stor begeistring. Men det er ikkje berre stas å måtte klippe alle trea i byen. Det er tidkrevjande arbeid, og det kan slite på helsa.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
– Sikkerheita er alltid prioritert. Same med helsa. Difor prøver vi å halde oss i form slik at ryggen ikkje vert overbelasta, seier gartnaren.
Sjå video frå onsdagens vårstell i byparken her.