NRK Meny
Normal

Var innom 10 turisthytter på under 24 timar

På 23 timar og 15 minutt rakk Sondre Teigen Lillebostad, Per Strøm og Andreas Svensen innom alle turisthyttene i Tafjordfjella – ein tur som vanlegvis tek 32 timar.

Ti turisthytter på 24 timer_hoved

Her er gutane før turen opp i Tafjord-fjella. Skal tru om forma er like god på veg ned att? F.v. Sondre Teigen Lillebostad, Per Strøm og Andreas Svensen Hjelme.

Foto: Andreas Svensen Hjelme / Privat

Det var Andreas Svensen Hjelme som var pådrivar for stuntet. Han er ingen framand i Tafjordfjella, kor han har vore mykje, ofte på vekesturar.

– Då lurer eg ofte på korleis det ville vore å ta heile turen på ein gong. Og det er jo berre ein måte å finne det ut på, så eg bestemde meg for å teste, fortel han.

26. og 27. juli la han ut på tur mot alle 10 turisthytter i Tafjord-fjella. Med seg på turen fekk han kameratane Sondre Teigen Lillebostad og Per Strøm.

Opplegget blei gjennomført med stor suksess: på 23 timar og 15 minutt timar klarte dei tre karane å nå innom alle hyttene.

Det er strekning som Turistforeininga sjølv har regna ut at ein vanlegvis vil bruke 32 timar på.

Hytte

På hytta ved Vakkerstølen klokka 22.30.

Foto: Andreas Svensen Hjelme / Privat

Med skylappane på

På spørsmål om korleis det var å legge ut på slike ein langtur, seier Svenven Hjelme at ein kjem innom fleire forskjellige fasar, både kjenslemessig og fysisk.

Les og:

– Ein er optimistisk og blid i starten, men på natta blir det ei veldig spesiell stemning. Ein lurer på korleis dei andre har det, kven blir den første som innrømmer at han er sliten. På slutten har ein skylappane på og har meir enn nok med å konsentrere seg om seg sjølv og sine eigne steg.

Stemningsbilde

«Stemningsbilde etter 7 av 10 hytter,» skreiv tursjef Andreas Svensen Hjelme på Facebook.

Foto: Andreas Svensen Hjelme / Privat

– Det verste er nok følelsen av å vete at det kjem til å bli vondt etter kvart, seier Strøm.

– Du vil gå i timevis og føle deg heilt fin, men før eller seinare møte veggen. Då må ein berre kjempe vidare.

Det er vanskeleg for gutane å seie om dei kunne gjort noko annleis.

– Turen er krevjande på mange område uansett korleis en forbereder seg, både fysisk, psykisk og ernæringsmessig. Men hadde eg kunne ville eg nok valt litt kraftigare sko, seier Svensen Hjelme, som brukte dei lette konkurranseskoa i terrenget.

–Å gå og subbe i steinura med dei var ikkje det beste. Det var heller som å gå og sparke tåa i dørstokken. Tjue gongar. Slikt blir det blemmer og sprokne tåneglar av, opplyser han.

Pause

'Éi av mange 5-minutterspauser. Mot slutten var desse svært gode å ha ... .' (Kaldhusseterdalen)

Foto: Andreas Svensen Hjelme / Privat

Godt trent

Gutane er alle aktive på fritida, og i ganske god form. Strøm kom rett frå padleferie i Vesterålen to dagar før turen til Tafjordfjella starta.

– Eg har alltid likt å teste meg sjølv, utfordre meg sjølv fysisk. Noko spesifikk trening mot turen har eg ikkje gjort, seier han.

Svensen Hjelme seier han har lagt inn ekstra mykje springetrening for å førebu kroppen.

Les og:

– Tidlegare var det mykje sykling men det blir noko anna når ein skal gå i fjellet, det er mykje hardare for føtene enn sykling, ein fer ikkje kvile i nedoverbakkane og ein må førebu føtene på slaga som kjem. Men det var jo sommar og mange andre ting å gjere, så frykteleg mange treningstimar blei det nok ikkje, seier han og ler.

Heim att

Siste kilometeren gjekk langs veg. Hardt, men greitt, ettersom gutane var innafor skjema.

Foto: Andreas Svensen Hjelme / Privat

Fin form dagen etter

Til trass for strabasane, var forma overraskande god dagen etter.

– Vi kjende det særlig godt første dagen etter turen. Sette eg meg ned då stivna knea fort til. Men det var ikkje verre enn at eg kunne vere med i eit slag med volleyball, seier Hjelme Svensen.

Strøm seier det var søvnmangelen var det som sat lengst i kroppen.

– Det var den eg merka mest. Det var omtrent akkurat som å ha gått ei nattevakt.