NRK Meny
Normal

Thrándarson signerte for AAFK

Den islandske spelaren Aron Thrándarson er klar for AaFK.

Aalesunds Fotballklubb har signert Aron Thrándarson.

Den islandske spelaren Aron Thrándarson er klar for AaFK.

Foto: AAFK

19-åringen skreiv i dag under på ein treårsavtale med klubben, og det var då klart at den unge spelaren sluttar seg til AAFK frå nyttår.

Jan Jönsson har allereie byrja å forsterke AaFK-laget framfor den komande sesongen, og AAFK vitja Island tidlegare i år for å sjå den unge spelaren i aksjon.

Erstattar Ulvestad?

Thrándarson har til no spelt for den islandske klubben Vikingur Reykjavik, der han debuterte i 2011. Jan Erik Sørnes, sportsleg administrativ leiar i AAFK, seier dei er nøgd med det nye tilskotet.

– Han er ein av dei mest talentfulle spelarane på Island. Han har gode ferdigheiter og vi har stor tiltru til han, fortel Sørnes.

Aalesunds Fotballklubb har signert Aron Thrándarson.

Aron Thrándarson saman med AaFK-direktør Henrik Hoff.

Foto: AAFK

Sørnes trur Thrándarson kan bli ein god erstattar for midtbanespelaren Fredrik Ulvestad, som truleg er på veg vekk frå klubben når kontrakten hans går ut seinare i år.

– Vi vil sjølvsagt behalde Ulvestad om vi kan, men han har signalisert at han kunne tenke seg å prøve noko anna, så vi steller oss til det, seier Sørnes.

Det har tidlegare vore spekulert i om Ulvestad vil gjere ein overgang til Molde, men Sørnes seier at dei enno ikkje har fått innsikt i kva vegen vil vere vidare for Ulvestad.

Byrjar om to veker

Islendingen har i ettermiddag vore i møte med AaFK-direktør Henrik Hoff, saman med agenten hans Magnus Agnar Magnusson, for å fullført den siste detaljane i den personlege avtalen. I tillegg gjennomgjekk han medisinske testar før signering.

Islendingen reiser i dag tilbake til heimlandet, men returnerer allereie om fjorten dagar.

– Då vil han møte sine nye lagkameratar og byrje treninga, seier Sørnes.

Kontrakten vil gjelde frå den 01.01.2015, og Thrándarson vil vere speleklar etter nyttår. Klubbane blei samde om ein pris på midtbanespelaren allereie for to veker sidan. Den skal ligge på rundt 1,75 millionar kroner.

Fleire norske klubbar har hatt suksess med å rekruttere islandske spelarar, blant anna Vålerenga der Vidar Örn Kjartansson er toppscorar i serien med 24 mål på 25 kampar.

Også Viking har henta fleire unge islendingar framfor årets sesong.