Hopp til innhold

Tettare samarbeid med verfta

Om verfta greier å halde kostnadene nede ser oppdrettsselskapet Marine Harvest fram til eit tett samarbeid med verftsindustrien i åra som kjem.

Vard Aukra

Om eit par veker kan Marine Harvest ta i bruk eit nytt fartøy frå Vard Aukra.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Om kort tid tar dei i bruk ein nyutvikla fórlekter bygd ved Vard Aukra.

Oppdrettsselskapet Marine Harvest ser eit stort potensial for verftsindustrien, om dei kan tilby offhoreekspertise i utstyr og fartøy til havbruk.

– Eit slikt samarbeid krev nytenking og vil heve kunnskapen for heile verftsnæringa, seier produksjonssjef Roger Pettersen i oppdrettsselskapet.

Konkurranse om oppdraga

Marine Harvest børsnoter

Marine Harvest meiner eit nærare samarbeid føreset nytenking og konkurransedyktige prisar.

Foto: NRK

Samtidig seier han at mange verft allereie sit på ein unik kompetanse på utstyr og fartøy, og ikkje minst tryggleik til sjøs.

Men selskapet åtvarar verfta om at betalingsviljen i havbruk ikkje er like stor som den har vore i oljebransjen.

– Både når det gjeld tryggleik og kvalitet kan vi dra nytte av verfta, men dei må vere konkurransedyktige.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL