NRK Meny
Normal

Hjørundfjorden kan bli fast stopp for alle Hurtigrutene

I løpet av 11 dagar i september vil alle Hurtigrutene legge turen innom Hjørundfjorden i Ørsta. Då kan Hjørundfjorden bli det kommersielle anløpet, medan Geiranger kan bli korta ned eller kutta.

Hjørundfjorden

Her kan Hurtigrutene gå inn permanent frå 2013. No skal det testseglast i 11 dagar i Hjørundfjorden.

Foto: Terje Rakke / Nordic Life AS Fjord Norway

Ragnar Norum, Kommunikasjonssjef i Hurtigruten ASA

Kommunikasjonssjef i Hurtigruten ASA, Ragnar Norum, har tidlegare vore klar på at Geiranger og Hjørundfjorden ikkje får leve side om side på sikt.

Foto: Art Rent AS

– Vi ønskjer å teste fleire fjordar, noko vi veit at våre gjestar ønskjer. Det gjer vi no i forbindelse med haustkonseptet vårt, fortel Norum.

I ei pressemelding omtalar Hurtigruten Hjørundfjorden i Ørsta som ein av dei vakraste fjordane i verda. No skal det altså på ny gå turisme inn fjorden.

– Det var i Hjørundfjorden fjordturismen på Vestlandet og i Møre og Romsdal starta. Vi ser på den som unik fordi vi då kan vere åleine.

– Cruiseskipa går til Geiranger. Vi går til ein fjord utan mange andre skip. Ein kjem tett på naturen, og det er atskilleg kortare enn til Geiranger, seier Norum.

Og nettopp Geiranger er eit stikkord om kvifor Hjørundfjorden no blir testa ut.

Går det utover Geiranger?

Norum fortel at Hjørundfjorden på sikt kan bli utvida til heile haustsesongen, men at dei framleis ikkje har bestemt noko periode.

– Vil dette gå utover Geiranger?

– Det har vi heller ikkje bestemt oss for. Det kjem an på kor vellukka testen er, og om vi då skal gå inn i det som er dagens Geiranger-sesong eller ikkje.

– Er det mogleg med begge, eller må ein gjere eit val?

– Då er det slik at vi vil gå éin periode til Geiranger og éin til Hjørundfjorden. Vi går ikkje til begge fjordane på same tur, fortel kommunikasjonssjefen i Hurtigruten ASA.

Saka held fram under bildet.

Hurtigruten i Raftsundet

Alle Hurtigrutene skal innom Hjørundfjorden i september. Det kan bli permanent, dersom det heile fell i smak. Då vil Geiranger bli kutta.

Foto: Geir Svendsen

Høge skattar framskynda Hjørundfjord-test

Bakgrunnen for testseglinga er at Stranda kommune sette opp hamneskattane i Geiranger.

I dag er Geiranger det einaste kommersielle anløpet til Hurtigruta, der 34 hamner – avgjort statleg – er faste mellom Bergen og Kirkenes.

Den 14. mai var Norum tydeleg på at to kommersielle anløp i Møre og Romsdal ikkje var eit alternativ.

– Det er ikkje eit alternativ, nei. Hjørundfjorden vil heller ikkje kome inn som eit anløp nummer 35.

– Så Geiranger vil bli kutta om Hjørundfjorden blir valt?

– Ja, det vil det bli, sa Norum i mai.

– Hadde Hjørundfjorden blitt testa om hamneskattane ikkje hadde blitt skrudd opp?

– Diskusjonen hadde kome uansett, men den har blitt framskynda. Og det er klart, pengar er viktig oppe i dette, sa kommunikasjonssjefen til NRK.

No skal altså Hjørundfjorden testast. I tillegg til at det er billegare, har argument om kortare tid, samt at det blir betre for miljøet kome opp. Den første testseglinga skjer 15. september, den siste skjer 25. september.

Om sitata frå mai seier Norum at det kan bli eit alternativ med Geiranger i éin kortare periode, dersom Hjørundfjorden blir valt. Testane i september blir for å sjå om det er mogleg operasjonelt, samt om det er tilfredstillande for reisande.