Hopp til innhold

Testar el-bussar i bratt terreng

No er det elektriske bussar som tek over dei krokete vegar i Geiranger. Her skal bussane prøves ut i bratt terreng.

Elektriske bussar blir testa ut på krokete vegar i Geiranger.

SJÅ VIDEOEN: Torsdag kom fleire el-bussar til Geiranger. Der fekk bussane prøve seg på bratte og krevjande vegar.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

For i turistmeteoropolen Geiranger var det i dag testing av el-bussar.

Tor Arild Sande

Tor Arild Sande køyrde frå Stavanger til Geiranger.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / nrk

Frå før er det berre Stavanger som har slike bussar. Og i den anledning hadde ein bussjåfør køyrd heilt frå Rogaland til Møre og Romsdal.

– Det er heilt fantastisk. No har eg køyrd denne bussen frå Stavanger og heilt opp til Geiranger og det har gått glimrande. Ingen problem, seier Tor Arild Sande, opplæringsansvarleg i Boreal Transport.

Meir miljøvennleg

Frå før har Geiranger satsa på elektriske bilar for turistar. No er dei vertskap for ein erfaringskonferanse om el-bussar her i Noreg.

Elevar

Sebastian Stornes meiner el-bussar er bra for miljøet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Her har vi kraftige bakkar og det er ein perfekt arena for å teste bussane, seier Mats Andersson, salssjef i Hybricon Bus Systems.

Ein rekke skuleelevar fekk i dag teste dei nye el- bussane. Og passasjerane var godt fornøgde.

– Den forureinar ikkje like mykje som ein vanleg buss, seier Sebastian Stornes ved Liabygda skule.

– Det er kjempefint. Den er stille og i tillegg så øydelegg den ikkje naturen, seier Adrian Hustad Amdam frå Skarbø skule.

El-bussar også i Møre og Romsdal

Til no er det berre i Stavanger de har tatt i bruk elektriske bussar. Der har de to bussar som har vore i bruk i to månader.

Jon Aasen

Jon Aasen trur el-bussar blir framtida også her i fylket.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Jon Aasen, fylkesordførar i Møre og Romsdal, er sikker på at det vil bli meir vanleg med el-bussar også her i fylket.

– Eg er ikkje i tvil om at Fylkeskommunen kjem til å kjøpe el-bussar. Om det vert no eller seinare det veit ikkje eg, men bytrafikken i framtida blir heilt klart gå på el-buss.

Bussen lada to gonger på turen frå Stavanger til Geiranger.

– Det er berre å planlegge slik at du får tid til å lade, så går det fint, seier Tor Arild Sande, opplæringsansvarleg i Boreal Transport.