NRK Meny

Testar drikkevatnet i Ålesund

I dag har det blitt tatt prøver av Brusdalsvatnet, drikkevatnet i Ålesund, for å finne ut om det inneheld mikroplast. E-39 går langs heile Brusdalsvatnet og slitasje av bildekk er ein av dei viktigaste kjeldene til utslepp av mikroplast. David Mertsching, konstituert teamleiar for vatn i Ålesund kommune, håper og trur at om dei skulle finne mikroplast i drikkevatnet, så er det av ubetydeleg mengde. Resultatet på prøvene er klare i løpet av mai.

Brusdalsvatnet. Ålesunds drikkevannskilde.
Foto: Øyvind Johan Heggstad