NRK Meny
Normal

Test kva parti du er mest samd med i din kommune

NRK har laga ein valgomat for kvar einaste kommune i landet. Du kan teste kva parti i din heimkommune du har mest til felles med.

Valgurne

14. september skal folk gå til røysteurnene i lokalvalget.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

14. september er det kommune- og fylkestingval. Valgomaten til NRK skal hjelpe nordmenn til å orientere seg i det politiske landskapet. Testen består av både ideologiske spørsmål som er felles for alle, men også konkrete politiske saker som er aktuelle i kvar kommune. Hre kan du svare om kor samd eller usamd du er på spørsmål som dette:

«Kristiansund kommune har ikke råd til å bygge det planlagte opera- og kulturhuset.»

Dersom Ålesund slår seg sammen med andre kommuner, må Ålesund være villig til å flytte administrative oppgaver til landkommunene.

Molde kommune bør ikke selge kommunale eiendommer for å finansiere utbyggingen av Sjøfronten.

Alle parti i alle kommuner har bidratt med sine svar. Dei lokale påstandane i valomaten er innhenta frå NRKS distriktskontor i heile landet.

No kan du sjå kva for standpunkt som passer best med dine haldingar og meiningar i din heimkommune.

NRK Valgomat 2015