NRK Meny
Normal

Terra-bankar taper pengar

Dei seks bankane i Møre og Romsdal som er blant eigarane av Terra-Gruppen, kjem til å tape pengar på konkursen i Terra Securities.

Banksjef Odd Inge Løfald i Rindal Sparebank seier at bankane no misser gode inntekter dei har hatt som Terra-eigarar, men at vanlege bankkundar ikkje vil merke noko.

Banksjef Johnny Engdahl i Sunndal Sparebank seier at deira inntektstap er svært lite, men at mange kundar har ringt banken i formiddag og spurt om konkursen får følgjer for dei.

Kredittilsynet har trekt tilbake konsesjonen Terra Securities har til å drive finansverksemd. Som følgje av dette er selskapet  suspendert på Oslo Børs, og Terra Securities har meldt oppbod og lagt ned verksemda.