NRK Meny

Tente på søppel og stakk av

Politi og brannvesen rykte ut til Brødrene Sunde AS i Ålesund etter melding om ein brann i kveld. Ifølge eit vitne skal ein ha person kasta frå seg noko søppel som han tente på med tennveske. Personen bada sidan litt i fjorden og stakk av like før politiet kom. Brannen er sløkt. Politiet etterforskar saka og ber om tips frå publikum.