Hopp til innhold

Skal ha tent på sitt eige hus for å få utbetalt forsikringa

Ein mann frå Sunnmøre er sikta for forsikringssvindel etter at han skal ha tent på sitt eige hus i 2011.

Sunnmøre tingrett

Ein mann frå Sunnmøre er tiltalt for forsikringssvindel og grovt økonomisk bedrageri.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Det var våren 2011 at mannen frå Sunnmøre skal ha helt lettenneleg væske utover golvet og treverket i huset sitt før han tente på.

Brannen som oppstod skal ha ført til omfattande skader på huset og hensikta var ifølgje tiltalen å få utbetalt forsikringa for brannen.

Laug om å bygge hus for å få lån

Mannen i slutten av 40-åra er også tiltalt for grovt økonomisk bedrageri etter at han lånte nesten to og ein halv millionar kroner frå ein bank på Sunnmøre under falskt grunnlag. Dette skal ha skjedd i tidsrommet frå oktober 2012 til våren 2014.

Mannen fekk utbetalt litt under 2,5 millionar i samband med eit innvilga fleksilån/rammelån. Lånet skal mannen ha fått til å bygge seg ein ny bustad i ei bygd på Sunnmøre.

I tiltalen går det fram at mannen unnlét å informere banken om at han hadde gitt opp planane om å bygge bustaden.

Likevel skal han regelmessig ha tatt kontakt med banken for å få utbetalingar frå lånet. Ifølgje tiltalen skal han ha oppgitt at dette skulle gå til å dekke utgifter knytt til husbygginga, noko som var uriktig.

Saka skal opp i Sunnmøre tingrett i starten av juni.