Hopp til innhold

Tente på eiga leilegheit – melde seg til politiet

Ein mann i 30-åra melde seg til politiet etter å ha tent på si eiga leilegheit.

Inngangsparti, Nordmøre politidistrikt og Nordmøre Tingrett
Foto: Rune Petter Ness / Scanpix

Alle naudetatar rykte ut då det vart meldt om brann i ei leilegheit i Ivar Aasens gate i Kristiansund i 13-tida søndag. Brannstiftaren, ein mann i 30-åra, melde seg raskt til politiet og er no arrestert.

– Dette er ein kjenning av politiet og vi har no teke hand om han, seier operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Sigvart Sivertsen til nrk.

Brannen vart varsla etter at nokon kjende røyklukt. Ingen var heime då brannen starta. Det er til saman 8 leilegheiter i bygget.

– Huset er bygd i tre og slik sett ganske utsett for spreidning ved brann, seier Sivertsen.

Alle leilighetene er no evakuert. Brannen er under kontroll.