NRK Meny

Tener over 1,1 milliionar

Fylkesordførar Jon Aasen tener over 1,1 millionar kroner, og meir enn 14 av sine fylkesordførarkollegaer i landet, skriv Aftenposten. Forskar i Nivi Analyse, Geir Vinsand, meiner lønsnivået i toppolitikken bør granskast. Til Rbnett seier Aasen at løna er den same som fylkesrådmannen si, og at han ikkje har reflektert over det. Ein vanleg fylkespolitikar i Møre og Romsdal tener rundt 350 000 kroner.

Jon Aasen
Foto: Gunnar Sandvik/NRK