Hopp til innhold

Tener mest på å slå heile Møre og Romsdal saman med Trøndelag

Nordmøre har mest å tene på at heile Møre og Romsdal blir slått saman med Trøndelag. Det går fram av ein ny rapport frå Nordlandsforskning.

Kaibakken med Nordsundbrua

Dette er Kristiansund, den største byen på Nordmøre.

Nordlandsforsking har tidlegare sett på kva som tener Møre og Romsdal best. I den rapporten er konklusjonen at Møre og Romsdal har mest å tene på å halde fram som eige fylke.

Men i den siste rapporten har Nordlandsforskning sett på kva som tener Nordmøre best. I rapporten framgår det at Nordmøre har ein del å tene på å bli slått saman med Trøndelag. Og det ideelle for Nordmøre isolert er om heile Møre og Romsdal går saman med Trøndelag om ein felles region.

Ola Rognskog

Ola Rognskog er leiar i ORKide.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Rapporten viser tydeleg at Nordmøre vil ha fordelar av å bli del av ein større region der Trøndelag også er med, seier regionrådsleiar Ola Rognskog.

Heile Møre og Romsdal

Rapporten slår klart fast at det beste for Nordmøre er om heile Møre og Romsdal blir slått saman med Trøndelag.

Roland Mauseth

Roland Mauseth i ordførar og rådmannskollegiet på Nordmøre.

Foto: Helse Møre og Romsdal

– Forskarane er tydelege på at det er ein fordel for Nordmøre om heile Møre og Romsdal blir slått saman med Trøndelag. Ein av grunnane er at Nordmøre vil få ein sentral posisjon i ein slik region, i aksen som kan trekkast frå Ålesund, via Molde til Kristiansund og Trondheim, seier Roland Mauseth i ORKide.

Forskarane har teke utgangspunkt i arbeidsmarknaden, næringsinteresser, sentrum/utkant, forskjellar og likskapar i næringslivet på Nordmøre og i Trøndelag, politikk og kultur.

Nordlandsforsking meiner at Nordmøre har mykje til felles med Trøndelag innan politikk, kulturelt samkvem, næringsliv og innovasjonstankegang. Fylkesgrensa skaper i dag utfordringar for viktige vegprioriteringar og danning av nettverk, heiter det i rapporten.

– Tett vevd med Romsdal

Samstundes meiner forskarane at Nordmøre er tett vevd saman med Romsdal gjennom utstrekt pendling og tilgang til ein større arbeidsmarknad.

Utfordringa for Nordmøre ligg i å kunne behalde desse fordelane og samstundes utvikle ein positiv synergi med Trøndelag, skriv forskarane i rapporten.

Rapporten påpeikar også at det kan vere negativt for Nordmøre om Sunnmøre hamnar i ein stor vestlandsregion. Eit slikt scenario vil ifølgje Nordlandsforskning svekke aksen Ålesund-Molde- Kristiansund.

Rapporten frå Nordlandsforskning er ein del av ORKide si utgreiing om kvar Nordmøre bør gå i regionreforma.

Det er viktig å få belyst Nordmøre sine interesser i regionreforma. Vår utgreiing skal medverke til eit betre avgjerdsgrunnlag totalt sett, seier Ola Rognskog, leiar i ORKide.