Hopp til innhold

Tende lys for terrorofra

I Volda kyrkje vart ofra for fleire terroråtak i Paris minna under søndagens høgmesse.

Høgmesse i Volda 151115

Barna var også med og las forbøna under søndagens Høgmesse i Volda kyrkje.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Høgmesse Volda kyrkje 151115

Barna var også med å las under høgmessa.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Høgmessa i Volda kyrkje var søndag prega av dåp, glede, song, dans, teater og arrangementet «Lys Våken», der ei rekke barn i 11-årsalderen deltok. Men det var også djupt alvor under messa søndag.

Laurdag gjekk biskop Ingeborg Midttømme ut og oppfordra alle prestane i Møre om å be spesielt for dei som vart råka av terrorangrepet i Paris denne helga. Dette prega også forbøna under Høgmessa i Volda:

«Vi tenner eit lys og ber for alle menneske som har blitt offer for terror, vald og krig».

«Vi tenner eit lys og ber for dei som vart eit offer for terroråtaka i Paris og for offera i skuleangrepet i Sverige. Vi ber for deira pårørande».

«Vi tenner eit lys og ber for alle menneska som er på flukt. Vis oss korleis vi kan vere lys vakne for å ta imot alle flyktningane som kjem til oss».

Tankevekkjar

Marit Munkebye var ein av dei som hadde tatt turen til Volda kyrkje denne søndagen. Ho synest det var heilt naturleg at dei terrorråka i Paris vart nemnt i forbøna.

– Når slike alvorlege hendingar skjer i starten av helga, meiner eg det er på sin plass at dette blir sett fokus på under messa og bøna, seier ho.

Munkebye synest situasjonen er skremmande, men trur at slike hendingar også er ein tankevekkjar.

– Eg trur vi blir meir merksame på å ta vare på kvarandre, og dei rundt oss. Men eg trur også det er viktig at vi viser omtanke for dei som kjem frå stadar der dei ikkje har det så godt som vi, seier ho.

Liv Ingunn Sætre synest det var flott at ofra av terroråtaka i Paris var med i bøna.

– Sjølv om desse tinga skjer langt herifrå så er det likevel noko som rammar oss alle, seier ho.

– Det er forferdeleg å høyre om alt som skjer rundt omkring i verda, og det viser kor sårbare vi er. Eg trur det er viktig at vi ikkje gløymer å vise omtanke for kvarandre i tida som kjem. Den medkjensla vi viser etter slike hendingar går dessverre fort over, held ho fram.

– Viktig å spegle verdsbilete i dag

Ingeborg Matre, prost i Søre Sunnmøre prosti, var ansvarleg for søndagens høgmesse i Volda. Ho meiner det er viktig at kyrkja speglar dagens verdsbilete i bøna.

Prost Ingeborg Matre

Prost Ingeborg Matre meiner det er viktig å spegle dagens verdsbilete i gudstenesta.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det er kjempeviktig. Denne gongen hadde vi ei rekke 11-åringar som deltok på messa. Dei veit kva som skjer i samfunnet og er opptatt av det. Difor meiner eg det er relevant at vi snakkar om desse tinga, seier ho.

11-åringar fekk lage bøner

11-åringane som hadde deltatt på «Lys Våken»-arrangementet i Volda kyrkje denne helga hadde også fått vere med på å formulere søndagens forbøn.

– Denne helga har vi snakka mykje om nestekjærleik og korleis vi kan hjelpe andre. Vi har også snakka mykje om terroren i Paris.

– Barna var også opptekne av skuletragedien i Sverige. Mange av dei føler nok at det blir ekstra tett når noko slikt skjer så nært oss, men vi var einige om at det er viktig å ikkje gløyme alle dei andre stadane i verda der folk opplever krig og terror, seier Matre.