Tenåringar prøvde utvaskbar hårfarging – fargen sat fast i opptil fleire månader

Ungdomsskulejenter brukte hårfarge som skal gå ut i vask, men måtte gå med grønskjer i håret. – Eg blei lei meg over at håret mitt blei så stygt.

Ungdommar prøvde hårfarge - sat seg fast

Heidrun og fleire andre ungdommar i Haram på Sunnmøre har farga håret sitt med såkalla «washout»-produkt som skal gå av i vask, men har enda opp med varig grønskjer.

Foto: Marius Stenberg / Privat

Ein dag Heidrun (14) var åleine heime og kjeda seg i starten av oktober, fekk ho lyst til å prøve noko nytt. Ho farga håret turkis med eit såkalla «washout»-produkt, som hevdar å gradvis la seg vaske bort.

– Eg blei nøgd med ein gong, men etter fem vaskar blei det grønt og stygt. Eg vaska det to gonger om dagen, men det gjekk ikkje ut, seier Heidrun.

Produktet var «L'Oréal Colorista Washout» kjøpt i ein daglegvarebutikk. TV 2 hjelper deg har tidlegare omtalt produktet.

Betalte 2400 for å skjule fargen

For rundt ei veke sidan tok mora hennar henne med til frisøren for å få håret bleika og farga. Det kosta 2400 kroner, og likevel er det litt grønskjer att.

Heidrun fann ut at fleire på skulen hadde slite med det same. Sara ville berre pynte seg til Halloween for to år sidan.

Ho farga det mørkeblonde håret hennar til lilla, som gjekk over til grøne stripar.

– Eg blei lei meg. Det skulle ha gått ut etter tre til fire veker, men det gjekk jo nesten eit heilt år og det hadde ikkje gått ut endå, seier Sara.

Jenter som farga håret sitt

Både Malin, Sara og Heidrun har prøvd å farge håret sitt med «​L'Oréal Colorista Washout»​​​​​​​, og trudde fargen skulle gå ut. Ingen av dei har sin naturlege hårfarge lenger.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Familien hennar måtte også ut med over 2000 kroner til frisør etterpå, og Sara farga til slutt håret raudt for å skjule den gamle fargen.

Jentene synest det er dårleg gjort å skrive at fargen skal gå ut, når det ikkje skjedde med dei.

– Eg trur det er mange som blir lurt, og som må bruke mykje pengar på unødvendige frisørtimar, seier mora til Heidrun, Randi Kjelstadli Ervik.

Ho meiner L'Oréal bør trekke tilbake produktet, eller skrive tydelegare på pakka at fargen kan sette seg fast.

Ber folk vere forsiktige

Frisør Maud Rotevatn i Ålesund seier dei har fått inn mange, spesielt då produktet var nytt, som trong hjelp til å få ut fargen. Det var stort sett unge jenter som hadde fått grønt hår, ein farge som er vanskeleg å fjerne.

Frisør Maud Rotevatn i Ålesund

Frisør Maud Rotevatn jobbar på Kontrast frisør i Ålesund sentrum.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Då rår vi til å bruke reinsesjampo, eller gjer behandling her i salongen. Nokre gonger hjelper det, men hos andre så sit fargen for godt, seier Rotevatn.

Frisøren meiner folk bør vere forsiktige med å kjøpe hårfarging utanom ein frisørsalong, der ein kan få råd om bruk.

– Skal ikkje bli permanent

– Eg synest det er gale å selje produktet når det er så mange som er misnøgde med det. Dei held jo ikkje det dei lovar, seier Rotevatn.

Kommunikasjonssjef i L'Oréal i Norden, Sonja Christensen, seier dei er lei seg for å høyre om opplevinga til jentene. Ho ber ein vere merksame på at nokre av fargane er meint til brunt hår, men at fargen uansett ikkje skal bli permanent.

– Colorista Washout er ein midlertidig hårfarge, som blir vaska ut etter 7 til 20 hårvask, avhengig av farge og kvalitet på håret, seier Christensen.

Ho understrekar at dei gjerne vil hjelpe folk som får problem med hårfargen, og hevdar dei har produkt som skal hjelpe.