Hopp til innhold

Tenåring vert ikkje straffa etter løpesetlar mot homofili

Politiet går ikkje vidare med saka mot tenåringen frå Sunnmøre som distribuerte løpesetlar i postkasser i Volda i påska. I løpesetlane oppmoda han til protestaksjonar mot homofile.

Løpeseddel i postkasse, volda

Ein tenåring la denne løpesetelen i fleire postkasser i Volda i påska. Politiet vil ikkje gå vidare med saka.

Foto: Hanne Iren Øyra

Guttorm Hagen, lensmann

Guttorm Hagen, er einingsleiar i Politiet på Søre Sunnmøre.

Foto: Arne Flatin / NRK

Lensmann for driftseining, Søre Sunnmøre, Guttorm Hagen, seier til NRK at innhaldet i løpesetlane ikkje er reelt frå guten si side.

Tvert om ønskte han å framprovosere haldningar mot homofile. Han skal sjølv ikkje ha noko imot homofile og har i samtalar med politiet forklart bakgrunnen for at han laga løpesetlane.

Hagen seier også at det dreier seg om 2-300 løpesetlar, ikkje 1000 som det har vorte antyda tidlegare.

«Ta med fakler, banner og familien»

Saka fekk mykje merksemd i påska, då fleire personar og familier fann løpesetlar i postkassene sine i Volda.

På lappane stod det: «Tirsdag 18.04 kl. 11.45 utenfor Volda rådhus blir det demonstrasjon mot homofile og rettighetene de ufortjent har blitt tildelt av idiotene som styrer den norske stat. Ta med fakler, banner og familien. Dissa krypa har ingen plass i vår religion eller vårt samfunn!»

– Eg blei lyn forbanna. Alle i mitt nabolag har fått den, og etter at eg la det ut på Facebook har fleire sagt at dei også har fått den, sa Hanne Iren Øyra til NRK søndag.

Reaksjonane var mange, men så viste det seg at dei heile skal ha vore ein spøk.

Kontakta sjølv politiet

Ein gut i tenåra tok sjølv kontat med politiet då han såg korleis saka utvikla seg på sosiale medium og i media. Ingen andre enn tenåringen har vore med på det.

– Vi har hatt samtalar med guten og foreldra hans, og på bakgrunn av dette ser vi ingen grunn til å gå vidare med saka, fortel Hagen.

Guten har forklart til politiet at han er svært lei seg for måten saka utvikla seg på og at han absolutt ikkje har noko imot homofile menneske.

Postkasser (illustrasjon)

Løpesetlane vart lagde i fleire postkasser i Volda (Illustrasjon).

Foto: Arne Flatin / NRK