NRK Meny
Normal

Tenåring smadra busskur i fylla

Naboar vakna av eit smell då den rusa tenåringsguten køyrde rett inn i eit busskurs på Hildre i Haram. Politiet meiner det var flaks at det gjekk bra.

Trafikkulykke på Hildre

Tenåringsguten var synleg rusa og mykje tyder på at han har køyrt fort før han krasja inn i busskuret.

Foto: Hilde Ellingsæter / NRK

Det var like før klokka 06.30 onsdag morgon at politiet fekk melding om trafikkulykka. Naboane høyrde ein høg lyd og kika ut gjennom vindauget. Der såg dei at ein bil hadde smadra busskuret i betong.

– Busskuret er jamna med jorda. Sjåføren har vore heldig at gjekk såpass bra, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Møre og Romsdal politidistrikt. Tenåringen var synleg rusa og politiet seier at mykje tyder på at han har heldt høg fart.

Guten er under 18 år og hadde nyleg kjøpt seg eigen bil, som han altså ikkje var gamal nok til å køyre.

Trafikkulykke på Hildre

Tenåringen hadde eigen bil, som han ikkje var gamal nok til å køyre.

Foto: Hilde Ellingsæter

– Freistinga har tydelegvis blitt altfor stor, seier Amdam. Tenåringen hadde ingen synlege skader, men vart sendt til sjukehus likevel, sidan han har krasja i betongveggen i høg fart.

Amdam meiner tenåringen skal prise seg lykkeleg for at det var eit busskur han trefte.

– Hadde det vore ein fjellvegg, hadde resultatet vore noko anna, seier Amdam. Han seier at det vert opp til retten å avgjere kor lenge guten får sperrefrist på å ta førarkort på moped og bil.