Dei vurderer korleis dei kan sprenge fonna på ein trygg måte, slik at vegen kan opnast. Bataljonsjef for Telemark bataljon, oberstløytnant Odin Johannessen, seier dei med glede gjer slike samfunnsoppdrag.
Turistnæringa på begge sider av fylkesgrensa har alt tapt hundretusenvis av kroner på at vegen mellom Geiranger og Grotli enno ikkje er opna. Vegvesenet har frå før prøvd å bombe snøfonna med vatn i håp om å løyse på ho, utan resultat.