Hopp til innhold

Telefonstorm til ekspertane

Det er ei valdsam interesse for det venta raset frå Mannen i Romsdalen og mange har ei løysing på korleis skredet kan utløysast. I løpet av 12 timar fredag fekk sjefgeolog Lars Harald Blikra over 100 telefonar.

Lars Harald Blikra geolog, her ved fjeller Mannen

Sjefgeolog Lars Harald Blikra har fått mange råd frå både firma og privatpersonar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det venta raset frå Mannen i Romsdalen engasjerer svært mange. Sjefgeolog Lars Harald Blikra seier han har fått ei rekkje telefonar og tekstmeldingar frå vanlege folk som vil gje råd om korleis dei skal handtere raset.

– Det er voldsom interesse, det er telefonar og sånn frå masse folk, seier Blikra. Han seier dette kjem frå journalistar, firma og ikkje minst privatfolk.

100 telefonar på 12 timar

Berre i løpet av 12 timar fredag trur sjefgeologen at han hadde rundt 100 telefonar. I tillegg kom det tekstmeldingar og epostar. Blikra har aldri opplevd maken.

– Det er mest sånne som har gode råd om korleis vi skal gjere det, om det er mogleg å få det ned raskt og sånn, seier Blikra.

– Er det berre vas?

– Nei då, det er jo masse dyktige folk der ute, det er ikkje berre vas, Det går på sprenging og bruk av vatn for å utløyse skredet, men det er ikkje vårt fokus no, seier Blikra.

Unikt overvakingsprosjekt

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog Lars Harald Blikra meiner medieoppbodet ikkje står i forhold til det venta raset.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Sjefgeologen trur det er fleire årsaker til at det venta raset frå fjellet Mannen vekkjer så mykje merksemd. Søndag var det fleire som reiste opp til Mannen for å sjå om dei kunne få med seg skredet.

Blikra trur den spesielle overvakinga av fjellet, som alle kan følgje med på, triggar folk. Han viser til at den spesielle overvakinga er den første i sitt slag i landet.

– Eg trur det er frykta for katastrofe og død, sånne hendingar som mange ikkje har sett før, kombinert med det at vi no brått kan følgje med på korleis eit sånt stort skred utviklar seg. Eg trur det pirrar folk, det er voldsom interesse for dette, seier Blikra.

Søv godt om natta

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog Lars Harald Blikra seier han søv godt trass i det venta raset frå Mannen.

Foto: Ivar Lid Riise

Sjølv seier sjefgeologen at han søv godt om natta, og trass i at han er ein av dei som har mest å seie for handteringa av det venta raset frå Mannen. Han syns ikkje ansvaret er tyngjande, og meiner erfaring er avgjerande.

– Det er jo også slik at dersom du har stor kunnskap og stolar på det du har lært opp gjennom åra, så er det dette som skaper tryggleik for at du gjer det rette og gir dei rette råda, seier han.

– Du søv godt om natta, syns du andre skal gjere det same?

– Ja, no er jo alle evakuert, så situasjonen er godt under kontroll, seier Blikra.

Prøvar å skjøne fjellet

Det var mange som venta på at raset kanskje kunne kome søndag, som følgje av store nedbørsmengder. Slik gjekk det ikkje. Kor lenge det går før dei 11 evakuerte får flytte heim, veit ingen. Søndag sa Blikra at det kan ta tre-fire veker, men ingen veit sikkert. Blikra skjønar at folk er utolmodige, men seier det har lite for seg.

– Det beste for folk er sjølvsagt at skredet går, men fjellet avgjer. Vi brukar ikkje tid på å spekulere, vi prøvar å skjøne fjellet, det er det vi driv med, seier sjefgeologen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL