NRK Meny
Normal

Tekstilkunst som utfordrar og overraskar

Gamal kakepynt og eldre åkle, morgonkåpe i boblestoff med brodert brystduk og rosa hanskar går fint saman når ein nyskapande tekstilkunstnar får utfalde seg.

Astrid Runde Saxegaard

Ho utfordrar og overraskar, Astrid Runde Saxegaard når ho stiller ut den eksperimentelle kunsten sin i Ivar Aasen-tunet. Ei garnblåse, eit gamal åkle, delar av ein gamal, syntetisk pels og tråkling med grov tråd på filt er eitt av verka hennar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Festspelutstillar under Dei nynorske festspela, Astrid Runde Saxegaard frå Volda, gir publikum eitoverraskande og spanande møte med eksperimentell tekstilkunst.

– Ja, eg vil gjerne utfordre publikum med kunst som både har humor i seg, men som også kan innhalde dystre og nesten fråstøytande element, seier Astrid Runde Saxegaard.

Leike med element

Årets utstillar brukar materiale med historier i seg. Her er fargerike stoff, tekstilar og gjenstandar med patina etter lang tids bruk. Gjenstandar som streng tatt også har gått ut av tida.

Astrid Runde Saxegaard

Astrid Runde Saxegaard set stor pris på at ho er årets festspelutstillar i Aasen-tunet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Og det byrja då voldajenta tok til på Kusthøgskulen. Ho syntes dei nye, reine tekstilane studentane fekk i opplæringa, verka altfor sterile. Ved strykebrettet fekk ho ideen til sin eigen vri.

– Eg brukte dampekluten i staden for dei nye stoffa. Det fenga meg slik å ta i bruk eit gamalt, utbrukt stoff med historie i seg, at eg gjorde slike tekstilar til mitt utgangspunkt frå då av, fortel Astrid.

Rommet med det rare

Den som stig inn i utstillinga i Aasen-tunet blir alt i døra møtt av det uvanlege. Ein gobelin der to mannelege kransekakefigurar er festa, dannar portalen inn til eit fargerikt og uvanleg møte.

Eine langveggen er drapert i tyllgardiner med mannlege kranskekakefigurar festa over alt. Nokre dannar grupper, andre heng åleine. Innimellom er også kvinnefigurar som brukar å toppe kransekaker.

– Mennene kan forestille politikarar eller forretningsmenn i sine svarte dressar og kvite skjorter. Somme er haldne utanfor gruppa og festa på baksida. Tolkinga må du gjere sjølv, smiler Runde Saxegaard.

Astrid Runde Saxegaard

Ho vil både skape gjenkjenning og utfordre den som besøker utstillinga i sommar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Gjenkjenning

Fargesterke, gamle åkle med påmonterte gjenstandar i både plast og syntetisk stoff, heng på kortveggen. Ein performance av kunstnaren i arbeid blir vist på video med ein gamal striesekk til lerret. Midt i rommet står ein innstalasjon på ein rosa palle fylt opp med mellom anna rosemåla tretallerkenar.

Alt er fargesprakande og festleg og gir gjenkjenning. Samtidig utfordrar det med si uvanlege form og uttrykk.

Tekstilkunst, Astrid Runde Saxegaard

Ei gamal morgonkåpe i syntetisk stoff med vakkert brodert brystduk i ull, og hanskar i syntetisk garn, utfordrar både fantasien og tolkinga.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Første gong på heimebane

Astrid Runde Saxegaard er fødd og oppvaksen i Volda, men bur og arbeider i Oslo. Ho er rekna som ei av dei mest anerkjente tekstilkunstnarane i landet, fordi ho har vore med på å fornye og utvide denne kunstforma.

Det er første gong ho stiller ut på heimebane.

– Det er så kjekt og slik ei ære! Eg har blitt teken imot på ein seriøs måte. Publikum er interessert og eg trur faktisk dei hungrar etter bli overraska, seier ho.

Astrid Runde Saxegaard er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og har mellom anna stilt ut på Høstutstillingen, Galleri Soft, Galleri Kube og Kunstnerforbundet. I fjor representerte ho norsk tekstilkunst på ei stor utstilling i Stockholm.

Utstillinga kjem til å henge i Aasen-tunet fram til midten av august.