Tekst-TV

NRK har lagt om Tekst-TV og gjort det lettare å finne sakene også frå distriktssidene. NRK Møre og Romsdal hadde frå før berre side 183 til disposisjon, men no blir sakene fordelte på sidene 455-459.

Tekst-TV
Foto: Svein Smørdal / NRK

Det gamle systemet gjorde at alle måtte vente for å kome seg gjennom alle nyheitene.

No ligg overskriftene til NRK Møre og Romsdal ute på side 455 og derifrå er det mogleg å bla direkte til den sida du vil sjå.

Tekst-TV for M&R på nett

Vervarselet er samtidig utvida og er automatisert. For Møre og Romsdal ligg varselet ute på side 628-629.

Vervarselet i Tekst-TV

No kan du sjå vervarselet for fleire stader i Møre og Romsdal

Foto: Svein Smørdal / NRK

Siste video/lyd

Gassanlegget på Nyhamna har dei siste ti åra tilført statskassa 325 milliardar kroner.
No blir anlegget bygd om til å bli eit gassknutepunkt.
Ved Hjørundfjordheimen på Sæbø i Ørsta har tatt i bruk ein ny sykkel. Dette set bebuarane stor pris på.
No har det blitt lettare å kome seg ut.
Vi tok turen til Molde-treninga for å sjekke om de er klare for seriestarten mot KBK førstkommende lørdag.