Hopp til innhold

Teknologi og nytenking blir viktige for norske reiarlag

På Rederiforbundet sin årskonferanse i dag var konklusjonen klar: Framtida byr på store endringar. Dei som ikkje maktar å omstille seg vil få problem med å overleve.

Rederiforbundet sin årskonferanse

Rand Hind, administrerande direktør i selskapet Snips, på talarstolen under Rederiforbundet sin årskonferanse

Foto: Frode Berg / NRK

Statsrådar, økonomar og reiarar var plant dei 350 gjestane frå over 30 nasjonar som var samla på Rederiforbundet si årskonferanse i Oslo i dag.

Rand Hind, administrerande direktør i selskapet Snips

Tidene skiftar raskt, og dei som ikkje taklar endringane vil tape, trur Rand Hind, administrerande direktør i selskapet Snips.

Foto: Frode Berg / NRK

Offshorenæringa og norske reiarlag møter store økonomiske utfordringar. Oljekrisa har ramma sjøfartsnæringa hardt og den komande tida byr på mange utfordringar for næringar knytt til oljeindustrien.

Tidene skiftar raskt, og dei som ikkje taklar endringane vil tape, trur Rand Hind, administrerande direktør i selskapet Snips.

– Alt kjem til å bli forandra. Kunstig intelligens, robotar, kryptering og bitcoin. Alle desse teknologiane kan forandre heile samfunnet, seier han.

Teknologi blir viktig

Hind meiner at svaret er å få yngre og omstillingsvillige leiarar inn i selskapa.

Karl-Johan Bakken, konsernsjef i Farstad Shipping

Karl-Johan Bakken, konsernsjef i Farstad Shipping, trur det er viktig å vere oppdatert på den teknologiske utviklinga.

Foto: Frode Berg / NRK

– Få ungdomen inn i leiarstillingar. Alle må jobbe saman for å kombinere lang erfaring med nytenking, seier han.

Karl-Johan Bakken, konsernsjef i Farstad Shipping, er samd.

– Vi må alltid sørge for å ha unge menneske i selskapa, både med omsyn til kontinuitet i organisasjonen, men også for å bli utfordra på nye idear. I tillegg er det viktig for å kunne nytte seg av ny teknologi for den kjem stadig raskare og raskare, seier han.

Reiarane som var samla i Oslo i dag har trua på framtida. Men teknologane gir ingen garantiar for kva som vil skje i dei komande åra.

– Selskap som ikkje tar omsyn til dei raske, teknologiske endringane som skjer i samfunnet i dag, vil forsvinne i løpet va kort tid, trur Hind.