NRK Meny
Normal

Tekniske problem for «M/F Fannefjord»

Verdas første hybridferje med gass- og batteridrift, «MF Fannefjord», fekk tekniske problem på sin første dag tilbake i ruta mellom Molde og Vestnes.

Created by InfoDispatcher

Etter ein åtte veker lang periode med ombygging på Fiskerstrand verft kom den fem år gamle Fjord1-ferja, «MF Fannefjord», tilbake i trafikk mellom Molde og Vestnes måndag.

Men måndag ettermiddag fekk ferja problem og Fjord1 måtte innstille to avgangar i rute 33.

Tekniske problem

Medan «M/F Fannefjord» prøvde det nye hybridsystemet dukka det opp ein feil og ferja måtte stå over ein rundtur.

– Vi prøver ut det nye systemet medan vi går i rute, men vi fekk ein feil som vi må få kontroll på, seier skipper Gjøris Eik til NRK.

Christine Hammersvik, som er driftsvakt i Fjord1, fortel at «M/F Fannefjord» har prøvekøyrd i helga, men vart sett i rute måndag.

– Vi har tre mann om bord som driv med feilsøking og vi håper dei finn ei løysing raskt.

Ferja ligg no utanfor Molde, medan feilen blir retta opp.