Tekniske problem

På grunn av tekniske problem blir det køyrd alternativ rute på ferjesambandet mellom Aukra – Hollingsholmen onsdag morgon. Det er forventa normal drift i sambandet med avgang frå Aukra klokka 06.45. Det melder Fjord1. I ferjesambandet mellom Solholmen – Mordalsvågen er det forventa normal drift i sambandet frå avgangen klokka 07.00 frå Mordalsvågen.