NRK Meny

Teken med tablettar

Ein Molde-mann i 40-åra blei i juni tatt med 640 tablettar diazepam på Sunnmøre.

No er han tiltalt i tingretten.

Tablettane er berolegande, og blir mest brukt mot angst, uro og søvnvansker.

Mannen hadde også på seg nokre få gram hasj og amfetamin.

I tillegg er moldensaren tiltalt for å ha køyrt bil medan han var påverka.