Hopp til innhold

Tek tak i gamal soge

Kyrkjehola Kulturbeite i Stordal tek tak i gamle segn om Harpeberget. Frå søndag er det mogleg for gjestar å sjå ei multimedial framsyning i Stordalen.

Kunstnarane

Kunstnarane frå venstre: Marit Kaldhol, Arne Nøst, Øyvind Driveklepp og Odd Johan Overøye.

Foto: Kyrkjehola kulturbeite

Fleire lokale kunstnarar er med i prosjektet, som skal visast fram dei neste to vekene.

Visuell framsyning

- Folk som vil sjå kva me har laga til kan sjå det kvar dag fram til 12. august, fortel Odd Johan Overøye, som er komponist og prosjektleiar for installasjonen "Harpeberget".

Mellom 11 og 16 vil det vere mogleg å få med seg denne oppsettinga, i tillegg til at ein kan sjå ei utstilling i Løsetstova.

Harpespel

Der er det biletkunstnaren Martin Due som stiller ut sine bilete i den same perioda. Bileta er hovudsakleg henta frå naturen i nord- og vest-Noreg.

I følge prosjektet sin eigen informasjon er Harpeberget i Stordal ei område prega av mystikk og eventyr. Soga fortel at folk kunne høyre harpespel der når det nærma seg juletider.

No skal også publikum få inntrykk av denne soga i Stordalen.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL