Fylkesmannen har peikt på at Ålesund kommune manglar dekning for delar av denne perioden og har mellom anna bede kommunen gå gjennom eldresatsinga.
Bjørg Riksfjord (Ap) er ikkje overraska over svaret frå Fylkesmannen.
Svaret frå Fylkesmannen kom ikkje akkurat som noko sjokk, meiner Bjørg Riksfjord frå Arbeidarpartiet.
Må vedta ny økonomiplan
Avgjerda som Fylkesmannen tok i går betyr at kommunen ikkje får godkjent fleire lån i år, og at politikarane i Ålesund må vedta økonomiplanen på nytt. Det må skje før nyttår. Årets budsjett, som ikkje er i balanse, har Fylkesmannen gitt opp. Dette er ulovleg, men Fylkesmannen ber politikarane konsentrere seg om 2004 og dei tre etterfølgjande åra.
- Ikkje samsvar
Ålesund kommune blir også beden om å gå gjennom satsinga i eldreomsorga fordi Fylkesmannen meiner det ikke er samsvar mellom planane og dei pengane som kommunen har.
Det er svært uvanleg at ein kommune ikkje har fått godkjent budsjettet ved utgangen av september, men ordførar Arve Tonning tek situasjonen med fatning.