Hopp til innhold

Tek opp igjen søk ved Bud

Ein miniutbåt har tatt opp igjen leitinga etter fiskaren og sjarken som kolliderte ved Bud for snart to veker sidan. Leitinga foregår på 200 meters djup, og politiet har venta i fleire dagar på å få tak i nødvendig utstyr.

Sjarken Skarbak er totalvrak etter kollisjonen
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Håpet er at miniutbåten skal finne den sakna Finn Bertram Evensen - og restane av sjarken Skarbak. Evensen kollierte med kjemikalietankaren Doris utanfor Bud for snart to veker sidan.

Kjem i gang før

Søket skulle etter planen starte først over helga, men ifølgje politiet blei redningsskøyta Platou ledig tidlegare enn planlagt.

- Søket starta klokka åtte i dag tidleg, og held truleg på i fleire dagar, seier operasjonsleiar Jan-Erik Kjelle ved Romsdal og Nordmøre politidistrikt.

Problem med å få utstyr

Båten kom frå Florø i går,  og skal leite på djupner ned til 200 meter. Politiet har venta i fleire dagar på å få tak i nødvendig utstyr til søket:

Sjøforklaring Molde

Mannskapet på kjemikalietankaren Doris sa under sjøforklaringa at dei oppdaga sjarken for seint til å stanse.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

- Vi har slite med å finne båtar som kunne ta på seg oppdraget for oss, seier Kjelle. Sist helg blei det også leita med miniutbåt etter Evensen, men utan resultat.

Mannskapet ombord på kjemikalietankaren Doris forklarte under Sjøforklaringa at dei oppdaga sjarken for seint til å kunne vike.