Hopp til innhold

Tek inn igjen fag

Fleire fag ved vidaregåande skular i Tingvoll, Haram, Ålesund og Romsdal blir likevel tatt inn, sjølv om fylkesrådmannen ikkje ville starte dei opp neste skuleår. Det skjer etter eit forslag frå Høgre-politikar Syver Hanken, som fekk samrøystes oppslutning i fylkesutdanningsutvalet. Hanken meiner fleire grunnar taler for at faga består. – Nokre av faga er det berre ein skule i heile fylket som tilbyr, andre er for sårbare elevar og nokre fag ønskjer vi å satse på.

Syver Hanken
Foto: Privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL