Hopp til innhold

Tek fri frå jobben og reiser til Hellas for å hjelpe

Ellen Hesselberg (27) i Volda klarte ikkje sitje stille og sjå på flyktningkatastrofen i Hellas. No tek ho fri frå jobben og pakkar kofferten.

Ellen Hesselberg

HUSET FULLT: Ellen Hesselberg samlar inn klede og leiker som ho skal ha med seg til flyktningane på øya Lesvos.

Foto: Nicolay Woldsdal

Det er mange som står i kø for å hjelpe flyktningane frå Syria, men slettes ikkje alle som like godt reiser ned. Allereie ei veke etter at ho bestemte seg, sit Ellen Hesselberg etter planen på flyet til øya Lesvos.

– Eg har tatt fleire rundar med meg sjølv, og spurt meg om vesle eg har noko å bidra med. Men eg er komen til at det har eg, seier ho.

Les også:

Tysdag reiser ho difor til Levsos, for å vere med å ta imot flyktningar som kjem med båt frå konflikten i Syria. Med på reisa er også ein sjukepleiar og mottaksleiaren frå asylmottaket på Hareid.

Innsamling Lesvos

GJEVARGLEDE: Ellen Hesselberg har vore nøydd til å ta i bruk golvet for å få plass til alt ho har samla inn til flyktningane.

Foto: Nicolay Woldsdal

Golvet fullt av innsamla klede

Då 27-åringen først bestemte seg for å reise, skreiv ho om det på Facebook, og stilte også opp til intervju i lokalavisa. Det har ført til at mange har kome med pengegåver og klede som dei kan ta med på den vekelange turen.

– Eg er heilt overvelda og rørt. Stovegolvet mitt er dekt med kle. Eg har fått mange søppelsekkar og om lag 15 000 kroner i kontantar, seier Hesselberg.

Helst vil ho no ha regnponsjoar, ull- og fleeceklede, i tillegg til bereselar. Og det som ikkje blir med til Hellas, har ho tenkt å gje til flyktningar her heime. Pengane skal mellom anna gå til å kjøpe mat til flyktningane som kjem iland på Levsos.

Innsamling Lesvos

KJEM PÅ DØRA: Geir Hjorthol er ein av mange som kjem til Ellen Hesselberg med varme klede. – Det seier seg sjølv kvifor eg kjem hit i dag. Sjølvsagt må ein stille seg velvillig til noko som dette, seier han.

Foto: Nicolay Woldsdal

Les også:

Trur ho vil lære mykje av turen

Til dagleg arbeider Ellen Hesselberg ved asylmottaket i Volda. Ho kjem opphavleg frå Nøtterøy i Vestfold, men har no budd på Vestlandet i to år. Ho trur turen vil vere lærerik for henne i arbeidet på mottaket.

Ellen Hesselberg

ELLEN HESSELBERG: – Eg vonar turen min skal få ringverknader, slik at endå fleire ønskjer å hjelpe.

Foto: Nicolay Woldsdal

– Eg møter dagleg folk som har lagt ut på denne reisa frå Syria, no vil eg kunne forstå meir av kva dei har vore gjennom. Mange av dei seier dei gjerne skulle vore med og hjelpt til, seier Hesselberg.

– Det blir sagt at dei som kjem seg over havet er dei mest ressurssterke, dei med pengar og kontaktar. Du er ikkje redd for å bli utnytta?

– Nei, eigentleg ikkje. Du veit jo aldri om du støttar folk med andre intensjonar, men er du kald og treng hjelp, så treng du hjelp, seier ho bestemt.

Håper andre får inspirasjon

27-åringen seier ho håper turen hennar får andre til å opne auga. Sjølv om slettes ikkje alle kan reise til Hellas, trur ho alle kan gjere litt.

– Eg håper turen skal få ringverknader. At folk tenkjer at dersom ein kan reise heilt til Hellas, kan dei kanskje gjere noko anna: hjelpe til litt på asylmottaket, vere med å busetje ein flyktning, vere flyktningguide. Det er mitt ønskje, seier ho.

Dei siste dagane før ho reiser har ho ein stor sorterings- og pakkejobb framfor seg. Tysdag morgon reiser ho frå Volda. Til Levsos.

Innsamling Lesvos

HADDE MYKJE LIGGANDE: Audun Høidal bankar på døra hos Ellen Hesselberg, og har med seg to posar med klede. – Eg høyrde at Ellen ville bruke ferien på å hjelpe. Då var det eit enkelt val: Kvifor skal vi ruge på dette når andre kan ha meir bruk for det, seier han.

Foto: Nicolay Woldsdal