Hopp til innhold

Teikna basseng på parkeringsplassen

Tysdag var det måla jernbanespor på rutebilstasjonen. I dag er eit basseng måla på Utstillingsplassen i Ålesund. Men kven står bak?

Basseng på Utstillingsplassen

KVEN STÅR BAK: På Utstillingsplassen i Ålesund er det no malt eit basseng. Men kven står bak?

Foto: Åge André Breivik / NRK

Skilt mot badeland i Ålesund

SKILTAR: Ved Husfliden i Ålesund blir det no skilta mot badeland.

Foto: Åge André Breivik / NRK
Ender i Ålesund badeland

ENDER I BASSENG: Til og med badeendene er på plass på Utstillingsplassen.

Foto: Åge André Breivik / NRK
Målingsspor i asfalten

FERSKT BASSENG: Målingsspora viser ut frå 'bassenget' på Utstillingsplassen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Midt på parkeringsplassen, mellom parkerte bilar er det onsdag dukka opp eit blått rektangel på Utstillingsplassen i Ålesund.

Området er omdiskutert, og mange vil ha eit badeland på staden.

  • I april 2007 gjekk bystyret inn for å selje tomta på Utstillingsplassen for ein symbolsk sum for å få til eit badeland: Ja til badeland
  • I desember 2008 gjekk det motsett veg. Då vart planane lagde på is: Mageplask for badeland

No har altså nokon teke saka i eigne hender, og starta på badelandet sjølv. Ved Husfliden i Ålesund sentrum har dei sett opp skilt mot badelandet.

- Måla i 23-tida tysdag

- Det var ein mann og ei dame i 20-åra som malte dette, seier Ole Søvik til NRK onsdag ettermiddag.

Han såg dei to då han gjekk tur med hunden tysdag kveld.

- Eg kjente dei ikkje att, men veit eg har sett dei i Ålesund før, seier han.

Kjenner du til dette? Send oss ditt innspel, eller diskuter nederst i artikkelen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Måla jernbanespor i Ålesund

Ålesund togstasjon

MOGLEG STASJONSPLASSERING: Er det rutebilstasjonen som blir siste stopp for hurtigtog?

Foto: Remi Sagen / NRK
Ålesund togstasjon

MALTE SPOR: Her ser tydeligvis nokon for seg at hurtigtoget skal stoppe.

Foto: Remi Sagen / NRK

I løpet av natt til tysdag vart det sett opp skilt, og merka av i bakken korleis dei såg for seg jernbana som mange håper kjem til byen.

Diskusjonen rundt hurtigtog i Noreg inkluderer også ein debatt rundt Ålesund som endestopp for ei av linene.

No har tydelegvis enkelte vist på sin måte at dei vil kjempe for denne traseen.

Les meir om diskusjonane rundt hurtigtog her: