Hopp til innhold

– Back by popular demand

Éin kjær norsk hitmakar og éi av dei fire store norske rockegruppene frå 80-talet kjem til Ålesund i august.

Teigen og Lillo-Stenberg

Både Jahn Teigen og deLillos, her representert ved vokalist og gitarist Lars Lillo-Stenberg, er klare for Jugendfest.

Foto: Hans H. Bjørstad/Terje Bendiksby/montasje / NRK/Scanpix

I går sleppte Momentium to norske artistar, i Oslo Ess og Truls, til Jugendfest i august.

I dag blei Jahn Teigen og deLillos slengt inn på festivalplakaten den 16. og 17. august.

Jahn Teigen.

Jahn Teigen har vore artist i det norske rampelyset gjennom fire tiår. No kjem han på ny til Ålesund og Jugendfest.

Foto: Laurvik, Henrik / SCANPIX

– Ingen har så mange hits

63 år gamle Jahn Teigen er ein ringrev i norsk musikk, både som vokalist i den progressive rockegruppa Popol Vuh på 70-talet og som soloartist.

Han er ein ringrev i Grand Prix, der han har vore i den internasjonale finalen ved fire høve. Som soloartist har han kome med hits som «Optimist», «Mil etter mil», «Min Første Kjærlighet» og «Det vakreste som fins».

Ante Giskeødegård, bookingsjef og dagleg leiar i Momentium, er svært godt fornøgd med å ha booka Teigen.

– Ingen norsk artist har så mange nummer éin-hits som Jahn Teigen.

deLillos

Bandet deLillos er kjent som eitt av dei fire store norske rockebanda.

Foto: Pressefoto

Melankolske rockelegender

I deLillos er også hitfrekvensen høg. Med debutalbumet «Suser avgårde» frå 1986 sparka Lars Lillo-Stenberg, Lars Fredrick Beckstrøm og Rune Lindstrøm seg inn i norsk rock.

Bandet kan skilte med alt frå rocka «Min Beibi Dro Avstad» og «Kokken Tor», til melankolske popperler som «Neste sommer» og «Smak av honning».

– Ingen kan munter melankoli som deLillos, meiner Giskeødegård.

Oslo-bandet sitt siste album «Vi er på vei, vi kanke snu» blei gjeve ut i fjor.

Ante Giskeødegård

Ante Giskeødegård er godt fornøgd med Jugendfest-sleppa så langt.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vil stige i taket

Giskeødegård i Momentium fortel at begge artistane er tilbake etter suksess tidlegare. Både Teigen og deLillos spelte under Jugendfest i 2010, då festivalen framleis var på St. Olavs Plass i Ålesund sentrum.

– Dei er back by popular demand. Både deLillos og Jahn Teigen har eit vell av gode låtar, og vi gler oss til å høyre dei på Jugendfest.

Momentium-sjefen meiner alt ligg til rette for to konsertar med norske heltar.

– Stemninga vil stige i taket når desse står på scena, avsluttar Giskeødegård i prat med NRK.

I tillegg til nemnde Oslo Ess og Truls, er superstjerna 50 Cent, hardtspelande Rival Sons og den svenske suksess-DJ-en Steve Angello klare for festivalen.

deLillos i Rauma

deLillos har tidlegare spelt på mellom anna Raumarock her i fylket.

Foto: Aina Rødal / NRK