Medan skodespelaren framfører ein 90 minutt lang monolog, er det to syklistar som med rå muskelkraft sørgjer for å produsere straumen som trengst på scena.
Det er første gong i Noreg at straumen til lyd og lys blir produsert til eit teaterstykke – samtidig som forstillinga blir spelt.
– Det er kjempegøy. Det er jo første gongen eg, eller nokon i Noreg, har gjort noko sånt, smiler skodespelar Anne Wiig.
Silje Holte frå Fannefjord sykkelklubb meiner ein oftare burde produsere straum når ein syklar.
Foto: ROAR JONNY STRØM / NRKTeaterstykke om klimakrisa
Neste veke har Teatret Vårt premiere på framsyninga «Eit stykke for dei levande i ei døyande verd».
– Det er veldig fint å kjenne at straumen faktisk blir produsert samtidig som eg står der og speler, seier Wiig.
Stykket handlar om klimakrisa, og Teatret Vårt er det einaste teateret i Noreg som har fått rettar til framsyninga som er skriven av den amerikanske økoaktivisten og feministen Miranda Rose Hall.
Noregs mest miljøvennlege framsyning
Framsyninga er ein del av eit det europeiske samarbeidsprosjektet STAGES, som utforskar måtar å lage berekraftig teater på.
– Det er berekraftig, det er nullutslepp og det er heilt reelt. Vi produserer straum samtidig som publikum er i rommet, seier teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag om teaterstykket.
I tillegg til å vere teatersjef, er han regissør for framsyninga, som han meiner er den mest miljøvennlege i Noreg.
Teatersjef i Teatret Vårt, Kristian Lykkelset Strømskag, har eit brennande engasjement for tematikken i stykket.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKSjølv om det er mogleg å spare nokre kroner på sjølvprodusert straum, understrekar teatersjefen at syklane ikkje er der av økonomiske grunnar.
– Kva vi sparer økonomisk, veit eg ikkje. Men kva vi kan spare økologisk og miljømessig, det er viktig. Det er eit viktig symbolsk og reelt bidrag at vi faktisk får til dette, seier han.
Lov å ta pause
Silje Holte frå Fannefjord sykkelklubb er éin av dei to syklistane som skal produsere all straumen som trengst på scena under framsyninga.
– Det er eit kult og viktig konsept. Det er artig å vere med, seier Holte.
Strømmen som blir laga av syklistane gir både lys og lyd til teaterframsyninga.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKHo fortel at det går heilt fint å sykle gjennom framsyninga. Likevel innrømmer ho at ho kjende på litt press første gong ho sette seg på sykkelen.
– Dei har roa meg med at eg kan ta litt pause viss eg får krampe, ler Holte.
Første framsyning blir på Høstscena i Ålesund.