Taus Håland

Moldespelar Erling Braut Håland scora eitt mål mot Brann i søndagens kamp. Totalt har han scora fem mål mot Brann denne sesongen. 18-åringen har vore kopla til ein rekke europeiske klubbar denne sommaren og var seinast på torsdag i Salzburg for å forhandle sine personlege vilkår med den austerrikske klubben RB Salzburg. – Eg er fantastisk glad for å vere Moldespelar, var det einaste Håland ville seie etter kampen søndag.

Eliteserien fotball: Brann - Molde 0 - 4
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix