Tatt ut tiltale mot Ungarsk mann

Statsadvokaten i Møre og Romsdal har tatt ut tiltale mot ein mann i 30-åra, for å ha fabrikkert bevis mot eit ektepar i forsvinningssaka i fjor sommar, det skriv Romsdals Budstikke (bak betalingsmur). Det var i fjor sommar at den 37 år gamle ungarske mannen vart meldt sakna i Molde, då han ikkje dukka opp på jobb. Det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter mannen, som etter ei veke viste seg å vere i Frankrike. No er han tiltalt for å ha arrangert si eiga forsvinning.