NRK Meny

Tatt ut millionutbytte

Eigarane av Jugendby barnehage i Ålesund har dei siste åra tatt ut 1,9 millionar kroner i styrehonorar, skriv Utdanningsnytt. Dette skjer samstundes som barnehagen går med underskot. I går blei det kjent at eigarane også har tatt ut over tre millionar frå ein privat barnehage i Sykkylven. Kommunalsjefen i Ålesund varslar no tilsyn med barnehagen i Ålesund.