NRK Meny
Normal

Rovdyra har teke mindre sau enn i fjor

Men det er enno for tidleg å seie at det blir ein roleg beitesesong i Møre og Romsdal.

Ulv
Foto: Per Løchen / Scanpix

Alle landets rovviltregionar meldar om ein rolegare start på beitesesongen enn i fjor.

I Møre og Romsdal er det so langt 20 sauer og lam som er dokumentert eller antatt tekne av rovdyr, dei fleste av ulv og nokre få av havørn. Det er 15 mindre enn under same periode i fjor.

Men det er endå tidleg å seie at beitesesongen blir ei roleg affære.

– Det er jerven som er det største problemet for beitedyra her i fylket, og den byrjar ikkje med vinterlagringa før utpå seinsommaren, seier fagkoordinator i fylkesmannen, Marianne Aas Halse.

Denne jerven som bor i Bymarka i Trondheim elsker vafler.

Det er jerven som tek mest sau i Møre og Romsdal, og den er ikkje ute på jakt før på seinsommaren når den skal gjere klar vinterlageret sitt.

Foto: Svein Wik

Les og:

Tatt seks jerv

Lars Olav Lund i Statens naturoppsyn seier dei har tatt ut totalt seks jerv i vår.

– Vi fekk oppdrag å ta to ynglelokalitetar i Trollheimen, som er prioritert beiteområde. Vi tok ut to hi, eit med tispe og to kvalpar, og eit med tre kvalpar.