NRK Meny
Normal

Tatt med store mengder narkotika

Det vart funne så mykje at det låg an til meir enn til eige bruk.

Rettssal Molde tingrett

Begge blei dømt i Romsdal tingrett.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ein 32 år gammal mann frå Romsdal er dømt til eitt år i fengsel for oppbevaring av narkotika og ein stolen sykkel. Og ei 19 år gammal kvinne, også frå Romsdal, er dømt til fire månader i fengsel for oppbevaring av narkotika.

Dei to var kjærastar, og då dei vart arresterte fann politiet fleire typar narkotika heime hos dei. Det vart blant anna funne amfetamin, cannabis og metamfetamin.

I straffeutmålinga blir det lagt vekt på at mengda narkotika dei hadde, var så stor at det låg an til meir enn eige bruk. Til saman vart dei tatt med nesten 300 gram av dei ulike stoffa.

Dette er 32-åringen sin tolvte dom for vinnings- og narkotikalovbrot.