Hopp til innhold

Tatt med over 200.000 smuglarsigarettar

Ein mann i starten av 40-åra frå Sunnmøre er tiltalt etter å ha innført store mengder tobakk og alkohol.

Lovbok / Norges lover

Ein mann frå Sunnmøre er tiltalt for å oppbevaring og sal av smuglarvarer.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

På eit tidspunkt skal mannen ha hatt over 200.000 sigarettar, fleire tusen sigarillos, fleire hundre boksar snus, 12,9 kg tobakk, over to tusen liter øl, og fleire titals liter brennevin og vin.

Selde brennevin

I perioden 2010 til februar 2014 skal han ved gjentatte gongar ha selt brennevin, vin og sterkøl ulovleg.

Mannen frå Sunnmøre er også tiltalt for å ha selt smuglarsigarettar, og i perioden 2010 til februar 2014 skal han ha selt smugla alkoholhaldige varer og tobakksvarer.

I november 2014 vart han tatt med over tretti tusen kroner som var utbytte frå ei straffbar handling.

Narkotika

I tillegg til oppbevaring og sal av smuglarvarer er mannen også tiltalt for brot på straffelovens §162, første ledd, for å ulovleg ha innført, tileigna og ha narkotika, eller medverka til dette.

Mannen i 40-åra skal ved fleire høve ha blitt tatt for å oppbevare marijuana, hasj og amfetamin.

Saka kjem opp for Sunnmøre Tingrett i oktober 2015.