Hopp til innhold

Tatt med hendene fulle

Ein mann i slutten av tenåra blei pågripen ved Sykkelhuset i Kristiansund i 01-tida i natt. Ein nabo hadde observert at mannen knuste eit vindu i inngangsdøra, og at han kort tid etter kom ut med hendene fulle av sykkelklede. Det hadde han også då politiet kom til etter kort tid, og mennen blei sett i arrest.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL