NRK Meny
Normal

Tatt med 3,34 i promille

Ein mann frå Romsdal blei tatt med 3,34 i promille. Mannen slepp ei fengselsstraff på 30 dagar dersom han gjennomfører eit program mot rusa køyring.

promillekjøring
Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Det går fram i ein dom frå Romsdal tingrett.

Køyrde i grøfta

Det var i februar i år at mannen i slutten av 30-åra blei tatt for fyllekøyring etter ei utforkøyring.

Mannen frå Sunnmøre hadde vore på besøk med broren sin og drukke minst ti halvliterar med øl og noko sprit. Rundt midnatt gjekk dei to tom for drikkevarer og bestemte seg for å køyre til ein nabo for å hente meir drikke.

Mannen fekk då sleng på bilen og hamna i grøfta. Han var aleine i bilen då utforkøyringa skjedde.

Ein som køyrde forbi melde frå til politiet om ulukka, og kort tid etter kom også dei til staden.

Mannen drakk ikkje alkohol etter ulukka, og ei blodprøve tatt to timar etter køyreturen viste ei promille på 3,34.

Program for ruskøyring

Mannen blei dømt til 30 dagar fengsel, med ei prøvetid på to år. Vilkåret for prøvetida er at han gjennomfører eit program mot rusa køyring.

Han må betale ei bot på 50.000 kroner og mistar også førarretten i tre år.