Tatt med 2,72 i promille

Ei kvinne frå Sunnmøre mistar førarkoret i to år og seks månader etter å ha køyrt bil medan ho var påverka av alkohol i juni i år. Kvinna i slutten av 40-åra hadde ei promille på 2,72, éin og ein halv time etter at ho blei stoppa av politiet. I tillegg til tap av førarretten må kvinna sone ei fengselsstraff på 23 dagar, og betale ei bot på 45.000 kroner.