Hopp til innhold

Tatt for fyllekøyring

Ein mann i 40-åra frå Sunnmøre er dømt til tap av førarretten i to år og to månader etter å ha køyrd bil medan han var påverka av alkohol. Under køyring enda mannen også opp med å køyre inn i ein fjellvegg. To timar etter køyringa hadde mannen ei promille på rundt 1,38 i promille. Mannen blei også dømt til fengsel i 25 dagar og til å betale ei bot på 20.000 kroner.